eidsborg_22.jpgDette er eit pedagogiske opplegg som knyter brynesteinsproduksjonen i Eidsborg opp til Telemarkskanalen. Opplegget inneheld ein powerpoint-presentasjon som læraren kan vise elevane.

Til presentasjonen høyrer det ein tekst, som læraren kan bruke for å sette elevane inn i emnet. I tillegg er det eit spørsmålsark og forslag til oppgåver.

Det er tenkt at skulane skal kunne gjennomføre opplegget på eiga hand, der muséet berre har ansvar for omvisinga i brynesteinsutstillinga.

Det pedagogiske opplegget er tenkt som eit heildagsopplegg i Eidsborg, pluss førebuingar på førehand i klassane. Ein kan sjå for seg strukturen i opplegget slik:

1. Arbeid på førehand ute på skulane:

a. Powerpointpresentasjon i klassen
b. Elevoppgåver, dramatiseringar, førebuingar til Eidsborgturen

2. Kort omvising i brynesteinsutstillinga i Eidsborg

3. Fottur med stopp i brynesteinsbrotet Brunåsli

a. Matpause
b. Svare på spørsmålsark
c. Framføringar
d. Konkurransar

Opplegget er laga ved Vest-Telemark Museum, Eidsborg

Klikk på symbolet for å laste ned dokumentene:
  Manus til
Presentasjon
Oppgaver
til turen
Presentasjon Spørreark Fasit

 

Tur til Brynesteinsbruddet

 

wrd.gif

513 KB

wrd.gif

30 KB

pdf.gif

3.01 MB

wrd.gif

45 KB

wrd.gif

27 KB

 





| More