Skip to content

I starten blei det berre eksportera råbryne, men i 1879 starta ein å slipe steinen óg. Dette blei etterkvart vanleg. Norrøna Fabrikker tok ut om lag 25 millionar råbryne frå Eidsborg i perioden 1880 til 1950. Av denne mengda med stein gjekk det aller meste til Porsgrunn for å slipast. Men det var fleire ikring Eidsborg som heldt fram med å slipe brynestein for hand.

20 STEIN: Gjermund Omdal klara å slipe 20 stein om dagen. Flatene tok han på slipeskiva, og kantane gjorde han for hand.

SEKK: Her har Gjermund Omdal 20 kg råbryne i sekken. Bryna vart stabla i la før slipinga tok til.

10 KRONER: Bryne ligg klare for sal i ei gamal dynamittkasse.
Norrøna fabrikker måtte leggje ned brynesteinsavdelinga i Eidsborg i 1950. Då var konkurransen frå moderne støypte bryne blitt for stor. Men Gjermund Omdal heldt fram med å bryte og slipe stein på eiga hand. I 1976 tok han 10 kr stykket for eit godt Eidsborgbryne.

Tilbake til toppen