Skip to content

For å bryte ut steinen frå berget var det fleire framgangsmåtar. Ein metode var å bryte med brann. Då slo ein hol i fjellet, som ein varma opp, for så å helle på vatn. Då sprakk fjellet. På vinterstid kunne ein helle vatn i sprekkene i fjellet og la det fryse. Då sprengte frosten veg. Frå 1830-åra starta ein å bruke svartkrut, og då gjekk det mykje enklare. Men ville du ha blautstein, så måtte du hogge han ut sidan krutt ville gje sprekkar i han.

Det var særs viktig å jobbe raskt vidare med grjotet etter sprenginga. Jo tidlegare grjotet blei kløyva og forma etter skytinga, jo betre. Gjerløw Skaardal skreiv at etter berre ein dag i sola var ikkje kvaliteten på steinen like bra. Då blei han hard og dau og mista klangen. Men var det beinkaldt, kunne likevel kvaliteten halde seg i fleire dagar.

USLEHAUGAR: Haugane med vrakstein blir kalla uslehaugar.

 

 

Tilbake til toppen