Dette er manuskriptet til PowerPoint-presentasjonen

bryner_la.jpg

Brynesteinsproduksjon i Eidsborg

Brynesteinsproduksjonen i Eidsborg går langt tilbake i tid. Heilt sidan 700-talet har det vore drift av brynestein i Eidsborg. Ein må rekne med at ein har hatt bruk for noko å bryne reiskapa sine på, heilt sidan ein i jernalderen starta å lage reiskap av jern. Brynesteinen frå Eidsborg er av kvarts-glimmer skifer. Dei fine kvartskorna som er i steinen, losnar under sliping og dannar eit fint slipepulver.

eidsborg_11_1.jpg

Hardstein og blautstein

Steinen frå Eidsborg har vore kjend som ein særs god stein, og brynestein har vore funne over heile Europa. Det var to ulike kvalitetar på stein som blei driven ut i Eidsborg: hardstein og blautstein. Hardstein blei eksportert utanlands, medan blautstein blei foretrekt som bryne i Norden sidan den passa godt til det harde stålet som vi bruka her.

eidsborg_17.jpg

Steintingsprotokoll

Kven tente då pengar på brynesteinsbrota i Eidsborg? Eigedomstilhøve og privelegium knytte til handelen skifta mange gonger frå mellomalderen fram til i dag. Somme tider var det byborgarar, eller andre private aktørar, som eigde brota, andre tider var det kongen. Det var uheldig for bøndene at brota skifta eigarar så ofte sidan dei var van med å kunne betale skattar og avgifter med brynestein. Men i kortare perioder var brota óg sameige av bøndane i bygda. I 1798 får bøndene rett til å ta ut stein etter storleiken på garden si skyld, det vil si skattegrunnlaget. Då blir det såkalla Steintinget oppretta. Her la alle i Eidsborg fram rekneskap ved årets slutt, og ein sette kvoter på steinuttak og prisar for det komande året.

ekstra_01.jpg

Industrialisering

Produksjonen av brynestein har altså variert veldig. Då Norrøna fabrikker overtok drifta i 1880-90-åra vart drifta meir organisert og planmessig, og då auka omfanget av produksjonen veldig. Industrialiseringa og opninga av Telemarkskanalen var nok viktige grunnar for det. Drifta endra seg då ein kunne ta i bruk krutt og maskinar. Ein gikk over frå å berre eksportere råbryne, til å slipe dei ferdig for sal. Transporten blei óg lettare då ein kunne laste brynesteinen på båtar nede på Lastein, i staden for å fløte han på tømmerflåter ned til Kviteseid. Lastebilen erstatta etterkvart hest og kjerre.

eidsborg_41.jpg

Arbeid i brotet

Alt dette gjorde at det blei betre høve for å tjene pengar på brota, men på grunn av eigarskapen til produksjonen var det ikkje bøndene i Eidsborg sjølve som tente på dette. Likevel var mange sysselsett i brota og med køyring. Arbeidet i brota var hardt, og mange som arbeidde der hadde óg gardar som dei skulle ta seg av etter arbeidsdagen slutta.

reklameplakat.jpg

Eidsborgbryne

Norrønas brynesteinsproduksjon i Eidsborg heldt fram til 1950. Konkurransen frå støypte bryne og generell mindre etterspurnad på grunn av mekaniseringa av landbruket gjorde ei vidare industriell drift vanskeleg. Til tross for dette var Eidsborgbryne framleis ettertrakta, ein viss produksjon heldt fram inn på 1970-talet.

dalen2.jpg

Telemarkskanalen, Bandak, Dalen

Telemarkskanalen var særs viktig som hovudferdselsåre i Telemark. Dalen vart eit knutepunkt for trafikken mellom Aust- og Vestlandet. Då Bandak-Nordsjø-kanalen blei opna i 1892, letta dette transport av både varer og menneske. Dette var hovudvegen for bygdene her fram til andre verdskrig.

brynesteinrute_2.jpg

Kart over Telemarkskanalen

Telemarkskanalen består av Norsjø-Skienkanalen (åpnet 1861) og Bandak-Norsjøkanalen (åpnet 1892).

lastein_1880.jpg Lastein i 1880-åra

Før kanalen kom, blei brynestein frå Eidsborg frakta ned til Lastein på Dalen med hest, og frakta vidare til Kviteseid på tømmerflåter. Ei kvinne frå Kviteseid, som hette Turid Fiskarbekk (f.1771), rodde regelmessig den sju mil lange turen frå Dalen til Strengen (Kviteseid) med brynestein. Ein gong gjekk heile båten med last ned i uvær, men ho berga seg og heldt fram å jobbe som før.

bilde_28.jpg

Kanalbåtar ved kai

Her blei brynesteinen lasta om bord i båtane for eksport til andre byar og land. Båten Victoria kunne til dømes ta med seg 78 tonn stein

floting.jpg

To sider av same sak: tømmer og brynestein

Brynestein- og trelasthandelen hang tett saman. Båe forretningane sto stille under Napoleonskrigane ca 1800. Ca 1820-30 tok fløtinga av tømmer til igjen på Bandak, og dette var eit puff for brynesteinshandelen óg.
lastein.jpg

Lastein i dag

I dag ser Lastein heilt annleis ut. Her er meir utbygd, men ikkje den aktiviteten som var der ein gong.

kjerrevegen.jpg

Kjerrevegen til Eidsborg

Køyrekarane frakta brynesteinen ned frå Eidsborg til Lastein. Dei var ofte husmenn, som leigde jord og hus av bøndene i bygda. Dei køyrde vanlegvis ein og ein halv tur om dagen, med ca 1 tonn på lasset. Ikring 1900 fikk dei 4 kroner for ein 10 timars arbeidsdag med hest. Ikkje før i 1936/37 tok dei i bruk lastebil.
vtm.jpg

Vest-Telemark Museum Eidsborg

Herifrå går ein veg til brynesteinsbrotet Brunåsli. Museet har i overkant av 30 bygningar, deriblant dei to Vindlausgardane, der det har budd generasjonar av brynesteinsarbeidarar. Ein av dei som budde der, Halvor Vindlaus, blei i 1750 skulda for ulovlig brynesteinsutvinning. Han hevda at han hadde rett til det frå gammalt av, men tapa saka. Museet har óg ei slipehytte som høyrde til brynesteinsarbeidaren Gjermund Omdal.

utstillinga.jpg

Brynesteinsutstillinga i Eidsborg, VTM

Her vil de få ei omvisning før de dreg ut på tur til brota.
gravfunn.jpg

Jern + brynestein = sant

Møsstrond var det frå år 500 e.Kr. produksjon av jern. Jernet blei bruka til å lage reiskapar og våpen. På gardane Groven, Kleppo, Mjaugedal og Omdal kring Eidsborg er det funne mellom anna øks, sverd, ljå og nåler frå vikingtid. Saman med desse er det vanleg å finne brynestein, som i eksemplet frå Mo her.
tor.jpg

Tor med hamaren

Snorre Sturlason fortel om at jotnen Rugne og Tor med hamaren ein gong rauk uklår. Då slengde Tor hamaren mot Rugne, medan Rugne kasta ein brynestein mot Tor. Steinen trefte hamaren i lufta, og blei splintra. Nokre av splintane fall ned i Midgard, og av dei er alle brynesteinsberg blitt til. Ein av splintane trefte Tor i hovudet, og den greidde han ikkje fjerne. Difor skal du ikkje kaste brynestein tvers over golvet, for då rører steinen seg i hovudet på Tor.
DSC_6149.jpg

Steintinget

Det var mange brot rundt ikring Eidsborg, men Brunåsli var det største. Det siste steintinget vart halde i Juvestoga på Vindlaus 13. januar 1955. Her ble det bestemt at Steintingsprotokollane skulle bevarast på Vest-Telemark Museum.
sjefene.jpg

Far og son: Styrarar av Eidsborg brynesteinsbrot

Chr. G. Skaardal var leiar for brynesteinsarbeidarane i Eidsborg frå 1901-07. Han døydde 21. desember 1907, og sa då til sonen som berre var 19 år: «Får du med arbeidsfolk og hester å gjøre, så driv dei ikke så hardt som jeg har gjort.» Då fikk son hans på nitten, Gjerløw Skaardal, ansvar for mor si og seks sysken. I tillegg tok han óg over som sjef for brynesteinsarbeidarane. Det var ikkje berre lett å få respekt av dei når han var så ung.
omdal_05.jpg

Den siste brynesteinsarbeidar Gjermund Omdal

Gjermund Omdal heldt fram med å lage brynestein etter Norrøna slutta. Han fortel om si fyrste tid i brota: «Eg hugsar at eg tok ut fem hundre stein og det vart såleis ei utkome på 5 kroner. Det var ikkje verst med pengar det. Dette starta eg med i 1918, nokre år før eg vart tilsett av Norrøna.»
turen-starter.jpg

Fotturen startar her

Her startar den merka turløypa som fører til brynesteinsbrotet Brunåsli. Turen er ca 2 km ein veg, med retur langs RV45 på ca 1,4 km. Turen tar ca 1,5 til 2 timar å gå.

 

REGLAR

Området vi skal ut i er fellesbeite for bøndane her. Difor må vi halde nokre reglar, slik at vi kan halde fram med å gå tur her:

  • Gjerde må få stå i fred. Let att grinder.
  • Pass opp for straumgjerde
  • Ikkje jag sauene
  • Ta med deg søppel heim att
  • Bandtvang for hund
omdal_04.jpg

Arbeidsdagen byrjar

Først hadde ein kan hende ein time å gå til fots for å kome på jobb. Når ein då var framme måtte ein hogge ved ein times tid og fyre, og så kunne arbeidet starte.
vindlausbakken.jpg

Undervegs passerer vi Vindlausbakken

I si tid var Vindlausbakken ein frykta 40 meters hoppbakke, som var mykje bruka i mellomkrigstida.
til-jobb.jpg

Arbeidsvegen i dag

Her er det ingen rush-trafikk

carwalks.jpg

Carwalks: Merka turløype

Tidene forandrar seg. I dag er den gamle arbeidsvegen turløype.

husmannsplassen-steinmoen.jpg

Tjurrgrånflaten

På denne husmannsplassen budde det brynesteinsarbeidarar i fleire generasjonar. Ein av dei, Nils Kjetilson Tjurrgrånflaten, vart blind på sine eldre dagar, og kunne slik ikkje arbeide i brotet. Men arbeidet med steinen fortsette. På hella framom plassestoga slipa han bryne med sand og vatn mot hella. Det tok ca 1-1,5 time å slipe ein stein ferdig.
DSC_6096.jpg

Framme i brotet:

For å bryte ut steinen frå berget var det fleire framgangsmåtar: Ein metode var å bryte med brann. Då slo ein hol i fjellet, som ein varma opp, for så å helle på vatn. Då sprakk fjellet. På vinterstid kunne ein helle vatn i sprekkene i fjellet og la det fryse. Då sprengte frosten veg. Frå 1830-åra starta einå bruke svartkrut, og då gjekk det mykje enklare. Men ville du ha blautstein, så måtte du hogge han ut, sidan at krutt ville gje sprekkar i han.

Det var særs viktig å jobbe raskt vidare med grjotet etter sprenginga. Jo tidlegare grjotet blei kløyva og forma etter skytinga jo betre. Gjerløw Skaardal skreiv at etter berre ein dag i sola var ikkje kvaliteten på steinen like bra. Då blei han hard og dau og mista klangen. Men var det beinkaldt kunne likevel kvaliteten halde seg i fleire dagar.

brynesteinsarbeider_tarjei.jpg

Tarjei Mandt

Her ser du arbeidaren Tarjei Mandt, som har sprengd ut brynesteinsgrjot frå fjellet. I hendene ser du han har krutpung og lunte. Grjotet på tralla, skal bort til steinpikkarane. Legg merke til at han ikkje har vottar sjølv om det er vinter.

steinbrotet_2006.jpg

Steinbrotet Brunåsli

Arbeidet i brotet føregjekk under open himmel for dei fleste. Dei som bora, skaut og grovdela steinblokkene, og steinpikkaren som hogg til emna. Det var pikkarane som hadde dei viktigaste og mest ansvarsfulle oppgåvene i steinberget fordi det var dei som avgjorde om steinen kunne bli bruka eller ikkje. Mange av dei blei sjuke av kvartsstøvet og fekk lungesjukdomen silikose. Ein smed jobba óg på staden. På vinteren kunne det bli svært kaldt for arbeidarane. Og do, det hadde dei bak kvart sitt tre. Timelønna i 1924 var på 60 øre.

eidsborg_09.jpg

Brunåsli i gamal tid med brynela og smie

Ei smie var naudsynt for å halde vedlike reiskapen som dei trong. Her ser de at råbryna er stabla i brynela slik at køyrekarane kunne kome og frakte bryna ned til Lastein.

utsikt.jpg

Utsikt frå Brunåsli

Her kunne arbeidarane ta seg mat- og kaffipause. Pausene vart òg gjerne nytta til å prøve krefter. Det blei mellom anna konkurrera om å løfte ambolten i smia med færrast mulig fingrar. Dei fleste greidde det med ei hand, men ein kar som heitte Steffa Hommo frå Vinje klara det med berre to fingrar.
uslehaug.jpg

Uslehaugar

Det er ikkje alt ein braut eller sprengde ut av berget som ein nytta. Avfallet som de ser her, har steinpikkarane hogd av når dei laga råbryne klare for sliping. Berre den beste steinen blei bryne.

omdal_03.jpg

Frå råbryne til ferdig slipa bryne

I starten blei det berre eksportera råbryne, men i 1879 starta ein å slipe steinen óg. Dette blei etterkvart vanleg. Norrøna Fabrikker tok ut ca 25 millionar råbryne frå Eidsborg i perioden 1880 til 1950. Av denne mengda med stein gjekk det aller meste vidare til vidare bearbeiding og sliping i Porsgrunn. Men det var fleire ikring Eidsborg som heldt fram med å slipe brynestein for hand. Her ser de Gjermund Omdal gå inn i sliperiet sitt med 20 kg råbryne i sekken.

omdal_01.jpg

Bryna vart stabla i la før slipinga tok til

Gjermund klara å slipe 20 stein om dagen. Flatene tok han på slipeskiva, og kantane gjorde han for hand.

til_salg.jpg

Bryne klare for sal

Her ser du bryne klare for sal i ei gamal dynamittkasse. Norrøna fabrikker måtte leggje ned brynesteinsavdelinga i Eidsborg i 1950. Då var konkurransen frå moderne støypte bryne blitt for stor. Men Gjermund Omdal heldt fram med å bryte og slipe stein på eigehand. I 1976 tok han 10 kr stykket for eit godt Eidsborgbryne.

heimvegen.jpg

På heimvegen

Etter om lag ti timars arbeidsdag gjekk dei heim langs denne vegen.

hovedvegen.jpg

Nede ved hovudvegen att

No går vegen tilbake til museet langs RV45. Her er det viktig at ein passar seg for trafikken.





| More